Velkommen til Kalvåg Kystfestival fredag 31. juli til sundag 2. august

Kalvåg Kystlag og Knutholmen er igjen klare til å sette kystkultur i fokus denne helga.

Årets kystfestival vil skilje seg ut frå tidlegare år då vi vil ta Kalvåg tilbake til tida rundt 1950 og 1960.

I sentrum av Kalvåg, frå Amtskaia til Buvika, vil det vere mange ulige aktivitetar som både dei minste, ungdom og voksne kan oppleve å ta del i. Her vil det bli servert mat og drikke (kystmat) av ymse slag. Opa krambu og båtslipp. Diverse leikar for dei yngste, samt trappeløp til Varden.Vi stsar på mykje musikk omkring både ute og inne. På Frøyenbutikken vil det vere filmframvisning, bildesamling og utstilling av handverkstradisjonar frå gamle tider. Gamle motorar vil bli starta opp på kaia. Rorbufest med sang og musikk samt bryggedans er òg ein viktig del av festivalen. Sangkor, musikklag og andre vil opptre og stå for mykje god underholdning.

Silda var svært sentral i Kalvåg i desse åra og vi vil derfor lage og steike, kanskje verdens største sildekake utandørs. Båter hadde sjølvsagt og ein sentral plass i å livberge seg på kysten i denne tida. Vi inviterer spesielt kystlag og andre til å komme med gamle båter og besøkeden lune havna vår her i Kalvåg. Kalvåg Kystlag vil ha våre gamle båter tilgjengeleg med årar og segl, for dei som vil, å kunne ta seg ein tur på havna og rundt holmar og skjær. Kanskje får vi til ein rokonkurranse mellom kystlaga? Eliasbåten og leikebassenget er på plass og alltid populært for dei minste.

Kalvåg Kystlag inviterar bygdafolk, utflyttarar frå kommunen og alle andre, gjerne med båt, bobil/campingvogn, til ei opplevelsesrik helg i eit kystkulturmiljø og atmosfære som er spesiell her i Kalvåg.

 

Arvid Langeland

festivalleiar

 

Kystlagets festivalhefte er lagt ut hos Knutholmen, Holmen Atelier samt hos Turistinformasjonen v/Amtmannskaia.

 

FESTIVALKART

Sluttord frå leiar

 

 

Kalvåg Kystlag vart stifta 19.feb. 2004 etter initiativ frå Johan Frøyen og Åge Tamnsøy. Kystlaget hadde frå starten 19 medlemmer. Olav Peder Frøyen var første leiar fram til 2006. Bjarne Pedersen overtok då som leiar og vart avløyst i 2010 av Arvid Langeland. Bjarne Pedersen overtok igjen leiarvervet frå 2014. Kystlaget har som mål å ta vare på kystkultir gjennom vedlikehald og bruk av gamle trebåter., flekking og tørking av sild, flatbrødbaking og ølbrygging. Vi er og opptatt av det sosiale ved å arrangere midtsommarfest og krabbefest for medlemmene. Vi er og opptatt av å få med barn og ungdommer til å lære gamle tradisjoner som er viktig her på kysten.

Kystfestivalen er ein fin sjanse til å vise fram mykje av aktivitetane innan kystkultur som vi har her i Kalvåg og ellers i Bremanger kommune. Her vil bli mange båtar som glir fint inn i det eldre, fine sjøhusmiljøet som vi har her i Kalvåg. 

Kalvåg kystlag har fire båtar: "Nigaren", rogavl bygd i Hardanger i 1928. "Femkjeipen",  ca 150 år brukt til fiske, som kyrkjebåt og ellers til frakting av dyr mellom holmane. "Slagkjeipen", kjøpt av kystlaget i 2006, kjem opprinnelig frå Hauge. Færingen "Sevald", gitt i gåve frå reidun Liset Svarstad. Vi i kystlaget håper alle får ei fin opplevelse under festivalen denne helga.

Vi vil gi ein stor takk til alle som har våre med å sponsa kystlaget og til alle som har bidratt med å lage dette heftet. Ikkje minst ein hjarteleg takk til alle medlemmane som er med å jobber dugnad før og under festivalen.

Lukke til med kystfestivalen 2015

 

Bjarne Pedersen, leiar Kalvåg Kystlag

Kystfestivalen 2015 er i gang.

Kystfestivalkoret

Konsertar og bryggedans, sveler, gamle båtar, rorbu, lukta av tjære, trappeløp, motorcross og leikar.....festivalen 2015 er i gang. Fredag så og sei på slaget halv fem var den ofisielle åpninga av Kalvåg kystfestival 2015 på Amtskaia av leiar av Bremanger fiskarkvinnelag May Britt Brattseth. Fredag kveld blei det arrangert Rorbu før "Vindfylla" overtok og spelte opp til gammaldans.  Den raude tråden på årets kystfestival er 1950 og 60 talet med vårsildefiske. Vårt lokale kor, Kalvåg songlag med forsterkningar kjørte eit kjempeshow frå sena med masse gamle gode songar ikledd tidsmessige kostymar. Under festivalen vart det også plass til dåp. Ein av kystlagets båtar, "Håkon", ein båt frå Bremanger som no avlidne Håkon Liseter har jobba mykje med vart døypt under festivalen av gudmor Leni M Liseter, dotter av Håkon Liseter,

Laurdag stilte kystlaga i rokonkurranse, det vart blant anna arrangert opplæring i gamle barneleikar frå 50-60talet, opning av trappeløypa i Kalvåg med påfølgende trappeløp, lokale ungdomsband spelte frå sena.

Sjå alle bilda etter teksten. Nokon av bildane er publisert med tillatelse frå Malene Indrebø Langlo og Charlotte Førde Skomsøy samt Kjell Aga Ulvestad.

     

 

  • Leiar for Kalvåg kystlag, Bjarne Pedersen og festivalsjef Arvid Langeland.

  • Sjefen kosar seg

  • Under dåpen av "Håkon" danna dei andre båtane ring rundt dåpsbornet.

  • Besøkande på historisk visningssenter som blei åpna under festivalen

  • Kapproing

  • Festivalkoret i aksjon

  • Kapproing

  • "Nigaren"

  • Kapproing

  • Frå sangen "Då Daniel drog"

  • Frå Rorbua

  • Det var også muligheit til å skaffe seg manikyr under festivalen.

  • Kalvåg Musikklag

  • Sjøl festivalsjefen tok seg til topps i trappeløpet.

  • "Vindfylla"

  • Og.....selvfølgelig er Eliasbåten på plass

  • Gamle Totland slippen

  • Gudmor Leni Lisæter på veg til dåp av "Håkon"

  • "Haugefisk"

  • Foto Kjell Aga Ulvestad

  • Foto Kjell Aga Ulvestad

  • Foto Kjell Aga Ulvestad

  • Foto Kjell Aga Ulvestad

  • Foto Kjell Aga Ulvestad

  • Foto Kjell Aga Ulvestad

  • Foto Kjell Aga Ulvestad

  • Foto Kjell Aga Ulvestad

  • Dyp konsentrasjon. Foto Kjell Aga Ulvestad

  • Foto Kjell Aga Ulvestad