Velkommen til Kalvåg kystfestival 1. - 3. august 2014

Kalvåg Kystlag er 10 år i år. Kystfestivalen er ein fin sjanse til å vise fram mykje av aktivitetane innan kystkultur som vi har her i Kalvåg og ellers i Bremanger kommune. Her er mange gamle båtar som glir fint inn i det gamle sjøhusmiljøet der den opphavelege byggestilen er teke vare på.

Dette blir ein festival med allsidig kystkultur, mange aktivitetar og mykje musikk. Det er fint å bu i kommunen vår, og kystfestivalen i Kalvåg er ein fin sjanse til å vise fram eit aktivt lokalsamfunn med sitt alsidige kulturliv i eit unikt miljø. Det vil foregå ulike aktivitetar på sjø og land, for store og små. det er gangavstand til det meste i sentrum, og for friluftsinteresserte er det lagt til rette for mange merka turstier i fjell og fjøre.

Kalvåg Kystlag vart stifta 19. februar 2004 etter initiativ frå Johan Frøyen og Åge Tansøy. Kystlaget hadde frå starten 19 medlemmer, men nærmar seg no i jubileumsåret 140 medlemmer. Olav Peder Frøyen var leiar fram til 2006. Bjarne Pedersen overtok då, og vart avløyst i 2010 av Arvid Langeland. Langeland vart i år avløyst av Bjarne Pedersen som leiar.

Kalvåg Kystlag feira 10-års jubileum 29. mars. Det var ei fin markering med sang, musikk, mange fine historier og hyggeleg samvær. Kalvåg Kystlag har som mål å ta vare på gammal kystkultur, og vi vil prøve å få med barn og ungdommer til å lære gamle tradisjonar som er viktige her på kysten.

Kalvåg Kystlag har 4 båtar, og dei vil alltid ha ein sentral plass på festivalane: "Nigaren", rogavl bygd i hardanger 1928. "Femkjeiping", ca 150 år brukt til fiske, som kyrkjebåt og ellers til frakting av dyr mellom holmane. "Slagkjeipen", kjøpt av kystlaget i 2006, kjem opprinnelegfrå Hauge. Færingen "Sevald" gitt i gåve frå Reidun Liset Svarstad.

Vi i Kalvåg Kystlag vil med dette takke alle sponsorar som støttar oss slik at vi kan lage til ein fin festival. Og ikkje minst takk til alle dei frivillige medlemmane som er med å jobber under festivalen.

Bjarne Pedersen

Kalvåg Kystlag

 

Program fredag 1. august

         
           
07.00

Knutholmen serverer frokost fra kl. 10.00

   
10.00 Galleri Frøya opnar        
10.00 Holmen atelier        
    Sommarutstilling med:      
  Benita Tornholm (Tekstilmalerier)    
  Trevor Woods (Keramikkbilder)      
  Wenche Torvanger (Glaskunst)      
  Rønnaug Nyheim ( Malita hanlagde smykker)    
12.00 Knutholmenserverar lunsj fram til kl. 16.00    
14.00 Salgsbodene på Amtskaia opnar      
15.00 Våt Moro        
16.00 Knutholmen serverar middag fram til kl. 22.00    
16.30 Offisiell opning av kalvåg Kystfestival på tradisjonelt   
  vis på Amtskaia v/ Arvid Langeland    
  Tale av Henry Nøttingnes. Oppvisning av lokal dansegruppe,
  musikk av Frøysjø Rock og Kalvåg Musikklag    
19.00 Kalvåg Kystlag inviterer til Rorbua på Frøyenbutikken. musikk, allsang, 
  song, historier og anna underhaldning.    
20.00 Dørene åpnar til konsertområdet      
ca 21.00 Ole Ivars        
ca 23.00 Dance With A Stranger      
  • Lokalbandet Frøysjø Rock er klar til Kystfestivalen – med Ole Martin Nybø, Håvard Grotle Røys, Hans-kristian Holthe, Eirik Grotle Røys og Joakim Førde. Blandt annet skal de spille under åpningen av festivalen.

Program lørdag 2. august

       
         
07.00 Knutholmen serverer frokost fram til kl. 10.00  
10.00 Galleri Frøya opnar      
10.00 Holmen atelier      
    Sommarutstilling med:    
  Benita Tornholm (Tekstilmalerier)  
  Trevor Woods (Keramikkbilder)    
  Wenche Torvanger (Glaskunst)    
  Rønnaug Nyheim ( Malita hanlagde smykker)  
10.00 Våt Moro. Til kl. 16.00    
11.00 Salgsbodene opnar, både på Amtskaia og på Knutholmen
11.00 Elias-båten og fiskedammen    
  Her blir det barneaktivitetar der ein kan bygge seg 
  ein eigen båt, få tur med Elias-båten og sjå krabbane i 
  dammen - til kl 17.00    
11.00 Kalvåg Kystlag sitt lotteri opnar    
12.00 Servering av rømmegraut i Bedehuset - til kl. 17.00
12.00 Omvisning om bord i KV Tor på Kalvøya fram til kl 15.00
12.00 Knuthomen serverar lunsj fram til kl 16.00  
16.00 Knutholmen serverar middag fram til kl. 22.00  
16.30 Trekning av Kalvåg Kystlag sitt lotteri  
17.00  Salgsbodene stenger    
20.00 Dørene åpnes      
ca 21.00 Claudia Scott      
ca 23.00

The Waterboys

     

Program søndag 3. august

         
           
07.00 Knutholmen serverer frokost fram til  kl. 10.00    
10.00 Galleri Frøya opnar        
10.00 Holmen atelier        
    Sommarutstilling med:      
  Benita Tornholm (Tekstilmalerier)    
  Trevor Woods (Keramikkbilder)      
  Wenche Torvanger (Glaskunst)      
  Rønnaug Nyheim ( Malita hanlagde smykker)    
12.00 Omvisning om bord i KV Tor på Kalvøya fram til kl 15.00  
12.00 Knutholmen serverer lunsj fram til kl 16.00 og middag fram til kl 22.00  

Bilder fra kystfestivalen

Og slik forløp kystfestivalen seg. Vi har fått oversendt og tillatelse til å bruke bildene av Anders Aga Ulvestad.

  • Åpninga av kystfestivalen